Om oss

Krossvoll Kino er ein dugnadsbasert kino som viser film ein gong i veka. Kinoprogrammet vert annonsert på denne heimesida , i Hardanger Folkeblad sitt fredagsnummer og på kinotavler ved Spar Kinsarvik, Krossvoll Lofthus og på Hovland Handel.

Krossvoll Kino viste film fyrste gong i 1949. Kinosalen står i original stand og har ikkje gått gjennom noko form for ombygging sidan ungdomshuset vart bygd i 1905. Innvendig er det skifta stolar ein gang, i 2003. Kinoen er i full gang med prossessen som skal føra til digitalt bilde på lærrete. Me håpar dette kjem på plass i løpet av 2010.

Kinosalen:

Flat sal med 108 sitteplassar. Medrekna benkane langs sideveggenane er 180 personar maks på ein filmframsyning.

Krossvoll Kino er ein dugnadsbasert kino. Me er totalt 8 stk som fordelar oppgåvene som skal utførast. Sidan desember 2000 er det Ingvald Aarsand som har vore kinosjef. Ynskjer du og vera med på kinodrifta som kinomaskinist eller billettør tek du kontakt med kinoen på tlf 90790219 eller på mail krossvoll.kino@lofthus.no

Kinoen visar film kvar sundag med visingar kl 1730 og/eller kl 2000. Me kan også visa film andre dagar om filmsjåarane ynskjer dette – ta då kontakt med kinoen om du har forslag.


Feirer du eller nokon du kjenner bursdag og vil ha ein filmframsyning i forbindelse med feiringa hjelper me deg gjerne med det.