You talking to me? - Taxi driver 1976

Om

Velkomen til Krossvoll kino.

Arkiv for april, 2012

Om Krossvoll kino


Krossvoll Kino er ein dugnadsbasert kino som viser film ein gong i veka. Kinoprogrammet vert annonsert på denne heimesida , på Krossvoll Kino si facebookside, sms tjeneste (bestill gratis ved å senda sms til 46949189 og på Krossvoll Kino sin monter på utsida av kinoen ved riksvegen.

Krossvoll Kino viste film fyrste gong i 1949. Kinosalen står i original stand og har ikkje gått gjennom noko form for ombygging sidan ungdomshuset vart bygd i 1905. Innvendig er det skifta stolar ein gong, i 2003. Projektoren som lagar digitalt bilde på filmlærrete er ein CHRISTIE 3D projektor. Digitaliseringa av bilde og lyd har hatt ei kostnadsramme på over 1 million kroner.
Kinosalen: Flat sal med 108 sitteplassar. Medrekna benkane langs sideveggenane er 180 personar maks på ein filmframsyning.